onsdag 23. februar 2011

Linotrykk


Eigentleg så er det vel ingen som les dette, men eg får vel kanskje skrive noko uansett. Det er jo tross alt ein del av faget. Så der har du den igjen.

Jessdå.

For rida driv me på med linotrykk. Eller eigentleg til no så har me berre tatt bilete som me skal bruke og redigert dei. Snart skal me vel til med å skjære ut motivet vårt i linoplata. Så då bør dei ha plaster klart. Eg er veldig flink til å skjære meg for å sei det sånn.


Dette bildet her skal eg bruke.

-Anita

onsdag 12. januar 2011

No har eg vrengt hjernen min for å komme på ei overskrift

Hell-åo.
Lenge sidan denne bloggen har vore brukt no ja. Hadde eigentleg gløymt den litt. Men ja, såg at Else blogga på sin skuleblogg så då kom eg på min òg.
Jessdå.
Sidan sist har me gjort ganske mykje i trykk og foto, men hugsar eg alt det. Neidå. Hah.
Me har hatt framføring om ein sjølvvald fotograf, der eg valde Tracy Raver og Kelley Ryden.
Laga julekort har me òg gjort, og no driv me på med reklamefoto. Sådet.




-Anita

tysdag 19. oktober 2010

Open dag


I dag og i morgo er det open skule her på Voss Husflidsskule. Har besøk av mange ungdomsskule klassar.
I klasserommet er det buttonslaging, maling av gigantiske bilder og litt fotograferin og bilderedigering.



-Anita

tysdag 5. oktober 2010

Ekstra trykking

I dag var eg og Tora igjen på skulen i studietimane for å gjere intet anna enn elementtrykking. Sidan Tora ikkje var her dei timane me hadde om det måtte ho ta litt igjen, og sidan eg er så snill då så blei eg med for å vise henne. Og trykking er jo så morsomt så det var null stress å vere med.

-Anita

fredag 1. oktober 2010

Monotypi

I dag prøvde me ut ein anna trykk metode enn elementtrykk. Metoden heiter monotypi og det er eit eingongstrykk. Me prøvde oss fram og laga mange ulike bilder. Me brukte blant anna ei glasplate, svampar og aviser. Veldig kjekt.



Tok maling på glasplata eller avisa og så kunne me laga mønster i malinga med til dømes ein pensel. Deretter tok me arket over og trykte forsiktig. Voila! Kule trykk på 1, 2, 3.





-Anita

måndag 27. september 2010

Mønster


I dag hadde me trykk og foto igjen.

Endå meir elementtrykk gitt. Men eg skal ikkje klage for det er virkelig kjekt.

Resultatet etter to timar blei mange ulike mønster og border laga av forskjellige element, og med masse fargar. Brukte blant anna svamp og blad til å få det slik eg ville.

Hadde litt problem med fantasien i dag då, men det blei no ganske så brukbare mønster fordet.

-Anita

fredag 24. september 2010

Trykking

I dag hadde me dei fyrste timane der me skulle trykke. Det var elementtrykk som stod på planen, og me samla inn alt mulig rart som blomar, lauv og epler. Følte nesten at me gjekk litt tilbake til barnehage og barneskule stadiet, men kjekt var det i alle fall. Sterke fargar og ulike mønster.
Om alle resultat blei like bra kan no diskuterast, men på bilde ser de i alle fall det eg fekk gjort.
Dårlig, dårlig kvalitet på bildet, men slik blir det når mobilen er det einaste ein har. Jadda. Overlever nok.

-Anita


Trykk og foto

Velkommen til den nye, oppdaterte gamle bloggen min. Fant ut eg skulle ta den i bruk igjen sidan me trengte ein skuleblogg. Så her blir det kun innelgg om det me driv med i faget trykk og foto på Voss Husflidsskule.
Det blir bilder frå timane, det arbeidet me held på med og litt fagrelatert tekst.
Ja, så dette blir den seriøse bloggen min. Skal i alle fall prøve. Jodå.
Kan jo berre begynne med å legge ut eit bilde frå den fyrste foto oppgåva me hadde.



-Anita